Tirsdag 07.06.2011 klokka 07.00 var 2LGA ved Søve vidaregåande skule klare for avreise til Sverige! Me hadde gleda oss lenge til denne turen og panta flasker i eitt sett for å få lommepengar. Sveinung Børte hadde satt opp eit kjempebra program, og tidleg om morgon sat me alle saman klare i den nye minibussen med kapellhengar bak.
Me kom fram til Sandefjord klokka 10.00 der me skulle ta ferja. På ferja blei det litt shopping og nistepause før me kjørte avstad med minibussen inn i Sverige. Nå fekk me ei utfordring med å finne Dingle Naturbruksgymnasium der me skulle få overnatte. Etter litt misforståelsar og snuing fann me endeleg fram til Munkedal og Dingle. Eit kjempestort fjos og flotte naturområde møtte oss. Me sjønte fort at dette var noko ana enn Søve. Me blei vist rundt og fekk sjå blandt ana nokre av klasseromma, fjoset, verkstad, bikkjekennel, smådyrskennel og krypdyravdeling. Her hadde dei alt frå kjempesøte kaniner og smågnagerar til store slangar og øgler. Søve-elevane blei veldig facinera, og lura i grunn på kvifor ikkje Søve også hadde slik. Eit flott rideanlegg hadde dei også, med fine stallar, store beiteområde, ridebanar og ridehall. Her var det fleir som blei frista til å sette seg opp på hesteryggen.
Etter ein flott omvisning på skulen fekk me middag i kantina klokka 17.00. Etterpå var det å rusle rundt, nokre reiste til sentrum og såg medan andre slappa av der me skulle sove. Kvelden kom og me la oss alle i soveposane, klare til neste dag.
Onsdag 08.06.2011.
Me vakna klokka 07.00 og gjorde oss klare for frukosten som stod klar klokka 08.30. Frukosten føregjekk i kantina på skulen. Etter at maten hadde teke plass i magane våre, reise me på gardsbesøk hjå Uno og Monica. Desse dreiv med mjølkeproduksjon. Fjøset var vanvitig stort og stilig. Det tok ikkje lange tida før me kunne analysere at dette paret var fylt med kreative og smarte idear. Ein kunne sjå på dyra at dei trivdas svært godt. Fjøset var fylt med frisk luft, reine kyr, god plass, mjølkerobotar og mange andre viktige faktorar som eit godt miljø krev for å bli godt. Fjøset var veldig smart konstruert med tanke på fôring, utslepp på beite, oppbevaring/frakt av fôr, mjølking, inndeling, osv. Noko me merka oss spesielt godt, var tre kalvar som stod i ein binge. Dei var trillingar. Mister bonde fortalte oss at mora for desse trillingane vart litt uroleg, så derfor slapp han henne berre inn til kalvane. Det å få sjå at kalvane saug mjølk rett i frå mora rørte oss alle. For eit syn. Mjølkerobotane fekk også sin oppmerksamhet. Slik mjølking kan ein stå å sjå på i timesvis. Dette viste oss kor fantastisk fasinerande den nye teknologien brukas. Dette besøket var heilt topp!
Klokka 10.30 reiste me vidare til neste gard, kalla “Klevs Gard”. Garden dreiv blant anna med egg og svineslaktproduksjon. Me trudde garden fyrst berre heldt på med husdyr, men me skjønna raskt at dette var allsidig drift. Garden driv også med blant anna tomtesal og kafé. Sjefen for garden viste oss rundt og dette var ein mann som myldra av kunnskap.
Me fekk sjå på slakteavdelingane og gardsystemet. Hønsehuset stod tomt då me var der. Men me fekk likevell tatt ein titt på anlegget. Det vart heldigvis ikkje satsa på bur høns. Sjefen viste oss korleis pakking av egg, fôring, ljosregulering og ventilasjon føregjekk. Reiskapen han hadde på garden, vart også veldig imponerande.
Då me vart ferdige med besøket, sette me gassen i botn mot Liseberg! Me var i parken resten av denne dagen. Ein kunne finne mange artige aktivitetar der. Bland anna: berg og dal baner, husker i forskjellige størrelsar, pariserhjul, spøkelseshus, dansescener, radiobiler, gjetteaktivitetar, resturantar, skytekonkurransar, spillehus, spegleløype og masse anna imponerande saker.
Når mørket sneik seg fram, reste me heim igjen til Dingle. Der sovna me ganske raskt etter ein dag fylt med fine inntrykk, fakta, kunnskapar, latter og godt humør.
Torsdag 09.06.11.
Etter ein kjempefin dag i Liseberg føredagen vakna me klokka 07.00, nokså slitne. Bursdagssang blei sunge for Malene som fylte 18 år! Etter frokost var det berre å pakke saman og hive seg inn i bussen og sette snuten heimatt mot Noreg. Neste besøk skulle vera hjå Gunnar Lilleåsen i Rakkestad. Me kom fram og møtte ein blid kar som skulle vise seg å vera ein kunnskapsrik mann med mange gode idear. Me fekk sjå sauefjoset hans og korleis han dreiv garden økologisk. Han dreiv også ein del med utleige av beitedyr og kulturlandskapspleie. Me fekk også høre ein del om kva han syns om rovdyr, og fortalde mykje om det å ha beitedyr i eit område med rovdyr. Gunnar driv også med Grønn Omsorg der han har besøk av ungdommar som har hatt det tøft i oppveksten og ungdomstida. Her fekk me høyre sterke historiar og eit innblikk i kor fint det er for ungdom å vera på gard og jobbe med dyr. Plutseleg venta det pizza på oss og me blei mette og gode etter ein knallgod pizza.
Me måtte vidare på ferda, og neste stopp var Degernes Torvstrøfabrikk i Rakkestad. Her produserar dei torvstrø av god kvalitet til bruk i ulike samangengar. Her fekk me sjå korleis dei produserar torva, korleis den blei pakka, ulike torvstrø og dei store maskinene som er i arbeid på ein slik fabrikk. Me var så heldige å få servera kaker og brus på slutten, og fekk til og med med oss ein torvstrøsekk som me ville gje til grisen på Søve. Med det sa me takk for besøket på torvstrøfabrikken og satte nesa heimatt til Søve. Sveinung måtte som vanleg ha seg nokre pauser nå og da, men sørga for å få oss trygt heimatt til Søve.
Me vil takke så masse for turen! Me er vel alle enige om at det har vore ein kjempeopplevelse der me har lært, ledd og gjort mykje morosamt. Det er kjempebra for ei klasse å reise på ein slik tur, og me anbefalar andre klasser til å mase på læraren og pante flasker for å få til ein slik tur!
Referat ved Vigdis Groven Oppsund