Top menu



More articles


Telemark Bondelag v/Bygdevis inviterar til seminar om bioenergi

Søve vgs, Ulefoss

torsdag 4. april 2013 kl 09.30

Bioenergi omfatter bl.a. ved, trepellets, skogsflis, hogstavfall, halm, torv og avfall frå treforedlingsindustri og treindustri.

Målgruppe for seminaret: Bønder, skogeigarar og andre som er interessert i auka bruk av bioenergi (både på eige bruk og som varmeleverandør til andre større bygg).

Program:

Frå kl 09.30: Kaffi og litt å bite i

Kl 10 – seminaret startar:

Kjell Gurigard, Siv ing Kjell Gurigard AS, Rådg.ingeniør energi, plan, klima, VVS, Lillehammer:

  • Kort om bioenergi og klimasamanhengar.
  • Marknaden. Korleis kunne samanlikne bioenergi-løysing mot konkurrentane (straum, varmepumpe olje…). Korleis rekne ut total varmepris
  • Krav til nybygg i byggeforskrifter (TEK 2010).
  • Val av brensel i konkrete prosjekt
  • Erfaring og eksempel på prosessar. Korleis er det gjort, kva blir valt, kva varmepris blir oppnådd

Seniorrådgjevar Stine Lunde, Innovasjon Norge Telemark:

  • Finansiering / støtteordningar

Val av anlegg, erfaring – leverandørane sin time:

  • Vedfyring/pellets/flis v/Roy Eng, Ole Chr Bye AS, Rakkestad
  • Halmfyring/flis v/Erik Bøhn, Big-O

Kl 15.30: Avslutning av seminaret

Omvising på fyringsanlegget på Søve etter seminaret. Hans Olav Lahus, som er ein av eigarane av anlegget, er omvisar og orienterar.

Kjell Gurigard, Siv Ing Kjell Gurigard AS
er eit konsulentfirma som arbeider med energi og klima. Firmaet tek tverrfaglege oppdrag som spenner frå energianalyser i bygg, utgreiing av alternative energi-kjelder, prosjektleiing, prosjektutvikling, gjennomføring av studieturar, kurs, seminar til planlegging av klimatiltak. Sjå: http://gurigard.com.

Praktiske opplysningar:

Pris: kr 500, inkl lunsj kl 12 og kaffipauser.

Faktura blir sendt deltakarane, evt dela ut på kursdagen.

Påmelding til Bygdevis v/Telemark Bondelag, e-post telemark@bondelaget.no, tlf. 35959030, sms 47618312.

Påmeldingsfrist: 20. mars

Velkommen – både du

  • som har bestemt deg for å bygge bioenergianlegg
  • du som lurar på å bygge bioenergianlegg
  • du som bare er nygjerrig på kva dette er!

Samarbeidspartnarar: