Landbruksrådgivninga i Telemark har pløyekurs på Søve
Heildags pløyekurs på Søve vg. skule med pløyeguru Kjell Mangerud.
Søve Vidaregåande skole, Ulefoss 20.oktober kl. 10.00
Viktigaste formålet med kurset er å auke kunnskapen om riktig innstilling og bruk av teigplogen/vendeplogen.
Plogen er og blir det beste reiskap til å bli kvitt seig grastorv, halm eller fleirårig ugras og lage gode forhold for etablering av eng, korn m.m. God pløgsle er viktig for både konvensjonelle og økologiske gardbrukarar, men kanskje aller viktigast for økologar som ikkje kan setje inn kjemiske tiltak. Pløying er kostbart, det er difor viktig at dette blir gjort på rett måte. Ei god pløgsle krev ein riktig innstilt plog.
Pløyekurset vil ha ein relativt liten teoretisk del inne og ein større praktisk del ute der riktig innstilling av plogen vil bli vist i praksis.
Ta med din eigen plog og still inn denne undervegs på kursdagen. (Max 15 av deltakarar kan stille med eigen plog. Så her er det dei som er fyrst ute med påmelding som får høve til å ta med eigen plog)
Deltakaravgift kr 800 inkl. lunsj.
Heftet ”Veien til bedre pløying” kan takast ut frå nettet eller ein får kjøpt heftet for 100 kr på kursdagen.
Bindande påmelding til Ellen Tove Volhovd i NLRØ, mob. 97507327 eller e-post til ellen.tove.volhovd@lr.no


